Hopp til hovedinnhold

Sognefjordområdet har også mange aktivitetar utan at du treng å ha ski på beina: Kva med fjordcruise på UNESCO Nærøyfjorden som vil bli ein uforgløymeleg opplevelse; Frostfargar, kvite fjelltoppar og islagte fossar og mektig natur. Nyt utsikten til verdsarvfjorden og dei idylliske fjordbygdene.

Vinter fjord cruise i Flåm|© Sverre Hjørnevik

Eller oppleve den spektakulære Flåmsbana som tek deg med frå Flåm til høgfjellstasjonen Myrdal som ligg 867 meter over havet på 1 time? Ynskjer du aktivitetar ved fjorden? FjordSafari Norway i Flåm og Balestrand Fjord Adventures tilbyr vinterfjordsafari der du kan sjå sel, ørn eller nise, eller kva med ein guida kajakk tur i Årdal eller Sogndal? i Årdal kan du bu på Klingenberg Hotel, der Sognefjorden møter Jotunheimen.

Vinteropplevingar

Flåmsbana køyrer også på vinterstid|© Sverre Hjørnevik

Opplev det spesielle fjordlyset over Sognefjorden med guida trugetur i Aurland, Årdal, Skjolden og i Balestrand med fantastisk utsikt over Sognefjorden. Guiden fortel om historia og kulteren i området, og ved vendepunktet servera guiden noko varmt å drikke, appelsin og sjokolade.

Ynskjer du å oppleva fjella utan ski på beina så kan du bli med på sledetur med hundespann der FjordHusky invitera deg med på ein magisk opplevelse der du kan nyte landskapet og hundens arbeidsvilje. FjordHusky tilbyr 1 times tur eller halv/heil dagstur der du og har muligheit til å køyre hundespannet sjølv. Book din overnatting i Sogndal på Quality Hotel Sogndal, Best Western Lægreid Hotell, leige hytte i Sogndal Skisenter, Uteplassen på Selseng i Sogndalsdalen eller Kjørnes Camping.

Vinteropplevingar

Sledetur med FjordHusky i Sogndal|© Håvard Nesbø

I Jostedalen kan du bli med erfarne guidar Blåisgrotta der du kan besøke eit eventyrrike av is og fargar og utforske store og små blåis-huler i Nigardsbreen. I Jostedalen kan du overnatte på Jostedal Hotell.

Opplev blåisgrottene under Nigardsbreen|© Thomas Morel

Kultur

Bli med på guida kultur og historisk reise gjennom det vakre landskapet i Vik der Sylvringen tek deg med til Hopperstad Stavkyrkje, Hove Steinkyrkje og smak på Gamalosten og vandring på Vikøyri. I Vik kan du overnatte på Blix Hotell.

I Sognefjorden finn du og Museum som er ope heile året; De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupanger (Sogndal) er eit friluftsmuseum med "antikvariske" bygningar frå mellomalderen og fram til vår tid, utstillingar, gangvegar og stiar, leikeplassar og naturløyper. Like i nærheita av museet kan du overnatte på Vesterland Feriepark. Flåmsbanamuseet i Flåm blir du kjent med dei spennande historiane bak byggingen av Flåmsbana som tok nesten 70 år frå planlegging til arbeidet var fullført. Høyanger Industristadmuseum fortel historia frå det gjekk å vera ei jorbruksbygd tidleg på 1900-talet, til på få år å verte ein travel industristad. Bu på Øren Hotel, eit koseleg og moderne hotel midt i Høyanger sentrum.

Museum ved Sognefjorden|© Ronny Bäckstrøm

Leik og moro innandørs

Leik og moro innandørs

På kalde vinterdagar, etter endt skitur eller du har vore ute i snøen fristar det å synke ned i eit deilig varmt vatn. På Lustrabadet og Høyangerbadet har dei varmebasseng, sklier, stupetårn, badekulpar, badstover med meir. Vesterland på Kaupanger har dei basseng og barnebasseng som held 32 grader kvar dag. Mat og drikke kan du kjøpa på staden. For dei minste tilbyr Vesterland eit stort Leikeland med rutsjebaner, tunellar, labyrintar, ballbinge, hoppeslott med meir.

Lustrabadet i Gaupne|© Thomas Morel

Meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon finner du på Sognefjordens offisielle nettside