Hopp til hovedinnhold

Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein fin veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet. Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det rundt 40 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum. Det vert arrangert løp frå Øvre Årdal til 1000-meteren - og turen opp svingane på gamlevegen frå Øvre Årdal er ein populær fottur også blant dei lokale.

 

400-meteren – 1000-meteren – 400-meteren

Turkart: Turkart Årdal

Start- og sluttpunkt: Fylkesveg 53, 400- meteren

Parkering: Fylkesveg 53, 400-meteren

Merking: Infotavle v/fylkesveg 53, 400-meteren

Høgdeskilnad: 400–1000 moh.

Tidsbruk: t/r 4 timar

Turomtale

Sjølve vegen er ein gamal grusveg som først var anleggsveg, deretter sommarbilveg over fjellet, men er no låst med bom i Rausdalssvingen.

Kontakt

Adresse:
  • Tyinvegen
  • 6884 Øvre Årdal
Telefon:
+47 5766 3444
E-post:
Nettside:
www.visitardal.no/tusenmeteren

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er 1000-meteren Årdal?