Aasentunet gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg.

Tida går fort i utstillingane som er til å sjå og ta på. Kvar dag fortel vi noko nytt om all verdas språk og språk i Noreg. IVAR AASEN (1813-96) var språkforskaren og diktaren som endra norsk historie. Han bygde det nynorske skriftspråket på levande dialektar frå heile landet, og skapte nokre av dei mest folkekjære songane.

Festspela blir arrangert i midten av juni kvart år, og er det årlege høgdepunktet i kulturprogrammet i tunet. Festspela er fire fullspekka dagar med variert program for ein kvar smak: konsertar, forfattarmøte, samtalar, foredrag, kurs og utstillingar.

Kafeen byd på smakfull mat, med husets eigen Tunblings som ein spesialitet. Butikken rommar hundrevis av varer og gåveartiklar i mange prisklassar. Mange av varene er utvikla spesielt for Aasentunet, med Aasen-boksaren som ein bestseljar.

Omvisingar i sommarsesongen der borna kan gå på skattejakt i tunet med eige aktivitetshefte som ein kan kjøpe i butikken. På sommarprogrammet finn du noko for både liten og stor. 

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Indrehovdevegen 176
  • 6160 HOVDEBYGDA
Telefon:
70 04 75 70
E-post:
admin@aasentunet.no
Nettside:
www.aasentunet.no

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
WIFI/Internett:
Kafé:
Souvenirer/butikk:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Toalett:
Parkering:
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Aasentunet?