Hopp til hovedinnhold

Agatunet er eit av få bevarte norske klyngetun og den største freda bondelandsbyen i Noreg. Her ligg 45 freda hus, dei eldste frå mellomalderen, tett saman som i ein idyllisk landsby. Det er også 10 naust med vernestatus som høyrer til Agatunet. 

Opplev den unike Lagmannsstova som er den eldste rettssalen i Noreg og den einaste lafta trehallen som framleis står på plassen den opphaveleg vart bygd. Lagmannsstova vart oppført av riddaren, riksråd og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson Aga kring 1220.

Film, kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Riddarleikerom for barn. Hyggeleg kafé og museumsbutikk. Omvising kvar heile time fram til kl. 16:00. Baking og sal av krotakaker kvar fredag i tida 22.06 til 10.08. Kultursti frå parkeringsplassen ved Agatunet til den gamle vikingtidhamna.

Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit felles sommarpass. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Aga
  • 5776 Nå
Telefon:
47 47 99 02
E-post:
mail@hardanger.museum.no
Nettside:
www.hardangerogvossmuseum.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Sommer

Hvor er Agatunet?