Vanskegrad: Middels til krevande Lengde: 32,5 km Underlag: Asfalt og grussti Ruta startar på sykkelsti langs hovudvegen og fortsett gjennom fredeleg skog og kulturlandskap med mange idyllar langs Ålfjorden. Frå Sveio sentrum følgjer ein sykkelstien nordover langs Rv47, og frå Haukås langs E39 til Drange. Her må ein ut på europavegen eit kort stykke (ca 1 km), før ein tar inn til venstre på gamlevegen opp Hanabrekka. Her går det sti til steinalderbuplassen Geitalemen, som ligg få minutts gange frå vegen. Vidare går turen på sykkelsti til Førde. Nede i bygda er det butikk. Frå Førde ta av mot høgre og følg skilt til Erve. Følg Ålfjordvegen gjennom skog og idyllisk kulturlandskap. Ved Joavatnet kan ein ta turen til Børshovda, ca ½ time bratt opp til toppen 189 moh. Her er det funne ei bygdeborg frå folkevandringstida. I Selsåsvika er det flott badeplass med toalett. Turen går vidare forbi Framnes, Oa og Erve til Våga, der ein svingar av brått mot høgre (ved kai/butikklokale) og opp ein lang bakke mot Mekjeland og vidare under E39 forbi Krossgott. Ta til høgre igjen og hald fram forbi Lid skule og oppover mot Rv47. Her kryssar ein vegen og følgjer sykkelstien sørover tilbake til utgangspunktet.

Oppdatert 6. sept 2018.

Kontakt

Adresse:
  • 5559 SVEIO
Telefon:
+47 53 74 80 00
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:
www.bikemap.net/route/517193

Hvor er Ålfjordruta (32,5 km)?

Fjord Norways sekundærlogo