Fjelltur til Amlaholten på Kaupanger
Då det ikkje er ynskjeleg med gjennomkjøring frå Amla på Kaupanger er beste atkomst å køyre Fylkesveg 5 mot Mannheller. 200 meter før Amlatunnellen tar man av til venstre (om man kjem frå Sogndal) mot Simas avfallsanlegg i Festingsdalen. Følg så god asfaltveg snaut 3 km mot Festingedalen. Da kjem man til skiltet stistart og romsleg parkeringslomme på høgre hånd.
Følg så merka sti langs fjellet på nordsida. NB! Ikkje ta bratt opp til venstre ved stein med rødt kryss.
Stien dreier så rundt fjellet og opp meir frå vest-nordvest mot slutten. Enkelte bratte kneiker mot slutten. Det meste av strekket er på fin traktorveg, men går over til sti mot toppen.
Postkasse / turmålkasse på toppen.
Rødmerket sti fortsetter over toppen mot aust og kjem ned i Festingsdalen igjen. Til saman utgjer dette ein flott rundtur på ca. 5 km. Stien er av god kvalitet.
Turfakta:
Parkering: Parkering i Festingadalen
Distanse:5 km
Tid: ca. 2 timar på rundturen
Vansklegheitsgrad: Middels krevjande tur
Sesong: april - november
Toalett: Vær oppmerksom på at det er ikkje offentleg toalett på turen til Amlaholten
Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen.
Hugs bandtvang.
Førebuing og tips:
Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.
Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt
1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder