Bygningar og stad med kulturhistorisk og antikvarisk verdi. Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad, med handelsbu, smie og sjøbu. Den blei etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 blei handelsverksemda flytta opp til hovudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet. I sjøbua er det plata mellom veggstolpane for å gjere lokalet eigna til kunstutstillingar. Bygningar: sjøbu/galleri, kystlaget si utstilling i smio, og handelslokala i første høgda i hovudhuset. Det som skil denne handelsstaden frå andre liknande tiltak, er at den er næraste nabo til eit gravfelt frå eldre jarnalder med fleire bautasteinar. Om sommaren har Tysnes Kystlag permanent utstilling i smio, i sjøhuset er det kunstutstillingar. På vegen ned mot området står ei informasjonstavle.

Følg Årbakka Handelsstad på Facebook for oppdateringar og arrangement. God parkering (òg for bussar) 30 meter frå anlegget, skilting ved hovudvegen. I den gamle butikken kan ein få kjøpa kaffi og vaflar, gammaldagse drops og sukkerkandis, is og handverksprodukt. Her kan ein legge til langs gjestebryggja med eigen båt!

Dersom du ynskjer å padle i Onarheimsfjorden, kan du leige kajakk ved Årbakka Handelsstad. 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Årbakka
  • 5693 Årbakka
Telefon:
+47 955 51 807
E-post:
Nettside:
aarbakkahandelsstad.no/

Hvor er Årbakka Handelsstad og gjestehamn?