Årskog museum er ein gamal vestlandsgard som brørne Lars og Olai Årskog testamenterte til Fitjar kommune i 1980. Garden har vore i same slekta i om lag 400 år. Ned mot sjøen ligg eit verdifullt kulturlandskap med rydningsrøysar og steingard, gardstun og naust som viser kombinasjonen jordbruk og fiske som var vanleg i kyst-Noreg. Oppstadsveven er den eldste vevstolen ein kjenner til. Berta Liarbø har med sin vevnad ført vidare ein viktig del av den norske kulturarven. Veving på oppstadvev kan du få demonstrert her på Årskog museum.

Dersom du vil besøkje Årskog museum, ta kontakt med kulturkontoret i Fitjar kommune på tlf: 53 45 85 00.  

Kontakt

Adresse:
  • 5419 Fitjar
Telefon:
+47 53 45 85 00
E-post:
fitjar@fitjar.kommune.no
Nettside:
www.fitjar.kommune.no

Hvor er Årskog Museum?