Hopp til hovedinnhold

Start: Åsen
Kart (turkart): Sogndal- Leikanger

Sving av frå rv 5 ved Sogndal Skysstasjon, følg Dalavegen til Lauvhaug i Sogndalsdalen (ca 4 km) og ta til høgre, i retning Eggum. Køyr ca. 500 m, og ta av på grusvegen til venstre, som går over i bomvegen Åsavegen. Parkeringsplass i enden av vegen.

Stien startar i ytterkant av stølen Åsen, og ein startar med å gå gjennom skogen, før terrenget opnar seg. Det er slak stigning oppover, til ein kjem opp i høgda og kan sjå nordover mot Halsavatnet. På toppen kan du nyte utsikten over Lustrafjorden, Hafslo og store deler av Sogndal kommune. I nordaust retning kan ein sjå Hurrungane i Jotunheimen.

Kontakt

Adresse:
  • Årvollsåsen, Sogndals dalen
  • 6856 Sogndal
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
ut.no/turforslag/114953/nuken-919-moh-fra-arvollsasen-sogndal-kommune

Hvor er Åsen - Nuken