Hopp til hovedinnhold

Askrova og Tansøy er eit levande bygdesamfunn som ligg i havgapet like utanfor Norges vestlegaste by, Florø. Øya er flat og nokså langstrakt med sitt høgste punkt på 233 meter over havet. Øya Tansøy ligg like ved, og berre det 100 meter breie Tansøysundet skil dei. Frå øya har ein ei storslått panoramautsikt mot hav og omkringliggande øyar.

Askrova er ei grøn og frodig øy kalt "den grøne smaragd". Her kan du utforske "Trollhola", ei hole frå urtida. Hola er på storleik med ein katedral og inneheld fleire holeganger. Eit vakkert og svært spennande naturfenomen.

På Askrova er det flott å gå tur. Utgangspunktet for turane er frå kaia der rutebåten frå Florø legg til. Her finn du daglegvarebutikk, leikeplass, gjestebrygge og hytteutleige. På kaia finn du oppslag om dei ulike turane, samt kart over øya.

Turløypene på Askrova er eit godt familiealternativ for deg som ønskjer ein ettermiddag med familien. Forsett på hovudvegen mot Hammarset, og du vil komme til første avstikkar til turløypa. Her kan du gå tur i merka sti og traktorveg mot Skaratoppen eller Kråkehåjen. Turen er lett og fin, og ein brukar ca. 50 minutt frå butikken til Skaratoppen. På veg til Skaratoppen ligg Draumeplassen, Ørnereiret. Dette er ei hytte med stor grillgruve i midten. Her kan du nyte god lunsj medan du nyt utsikta. Hytta har grillutstyr, medisinskrin, kikkert, fiskestenger og er til bruk for alle. Her finn du og masse forskjellige forskningsutstyr som bøker, forstørrelsesglas og teikneutstyr til stor glede for borna. Ørnereiret har overnattingsplass til 6 personar. 

 

 

Kontakt

Adresse:
  • 6919 TANSØY
Telefon:
+ 47 577 43000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.askrova.no/

Fasiliteter

Terreng:
  • Grotte/Heller
  • Kystområde
  • Fjellområde
  • Skogsområde
Underlag:
  • Grus
  • Sti
  • Steinur
  • Asfalt
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Barnevennlig:

Hvor er Askrova / Tansøy?