Hopp til hovedinnhold

Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg streif område for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Det er parkeringsplass, sanitærbygg og publikumsramper med opplysningsskilt. Ausevika er absolutt verdt eit besøk!

Ausevika ligg ca. 30 minutt frå Florø med bil. Frå Florø køyr E39 mot Førde. Ta av ned til Eikefjorden og køyr vidare utover i ca. 10 minutt. Her finn du ein parkeringsplass og informasjonstavler.

Det er mogleg med guida omvising på førespurnad. Ta kontakt med FjordKysten på mail@fjordkysten.no, eller telefon: 57 74 30 00. ​

 

Tider

Ope heile året

Ukedager:
00:00–00:00
Lørdag:
00:00–00:00
Søndag:
00:00–00:00

Kontakt

Adresse:
  • 6940 Eikefjord
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
leksikon.fylkesarkivet.no/article/bd787100-e213-4cbd-a084-5dc5ae56b6ef/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst
Barnevennlig:

Hvor er Ausevika Helleristningsfelt?