Hopp til hovedinnhold

Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen.

Frå Hafslo i Luster kan du dra til Veitastrond og vidare til Tungestølen. Dette er i seg sjølv ein fin tur på den svingete vegen langs Veitastrondsvatnet. Når du kjem til bygda Veitastrond følgjer du Sumelvi vidare inn etter frå Nes. Då skal du ta deg tid til å sjå korleis naturen har slipt berget i elvefaret til kunstferdige groper. Her har Vårherre vore flink med hendene. Frå Tungestølen følgjer du stien inn over Austerdalen. På nordsida ligg Skyttapiggen og bak der lurer Lokebreen. Austerdalsbreen er ein av dei minst 28 brearmane på Jostedalsbreen som har eige namn.

Kontakt

Adresse:
  • Vei uten navn
  • 6878 Veitastrond
Telefon:
57 67 14 00
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no

Hvor er Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster?