Nærøy sokn omfattar dei små grendene ved Nærøyfjorden: Dyrdal, Styvi, Tufte, Bakka og busetnaden i Nærøydalen/ Gudvangen. Kyrkja har ca. 200 sitjeplassar. Altertavla er frå 1907 og er måla av den kjende kunstnaren Nils Bergslien. Kyrkja ser ein frå båt på fjorden og frå Gudvangen er det 6 km bilveg langs fjorden. Gudstenester ca. 10 gonger i året. Kyrkja står open om sommaren.
Arkitektur og kulturarv
Bakka kyrkje
Bakka kyrkje er ei kvitmåla trekyrkje frå 1859 og ligg på Bakka som ligg i vakre UNESCO Nærøyfjord.
© Terje Rakke Nordic Life Fjord Norway