Tur til Bakkanosi med magisk fjordutsikt
Turen til det kjende fjellmassivet Bakkanosi, startar ved Jordalen grendahus. På turen kan du møte både ville og tamme dyr, vis omsyn til dyra. Fjellet her er også leveområde for villrein, hald hunden din i band på heile turen!
Vegen til Bakkanosi går via Slettedalen, kor du passarar nokre frodige sommarstølar som lokale bønder nyttar når dei skal sjå etter dyra sine. Vis omsyn, hald avstand til stølane og ver merksam på at ein i utmark kan telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte.
Frå stølane følgjer du så stien som går langs elva utover slettedalen til du tar fatt på stigninga opp mot Slettedalstjærnet og vidare opp mot Lyngsskaret. Her får du det første glimtet av Nærøyfjorden og dei mektige fjella som stiger opp på begge sider av fjorden. Du tek så fatt på den siste store stigninga opp mot ryggen som leder utover mot Bakkanosi. Deretter føl du ryggen med Nærøyfjorden på den eine sida og Rimstigbotnen på den andre sida heilt fram til Bakkanosi.
Turen til høgfjellmassivet er krevjande, og går på umerka, til tider utydeleg sti. Belønninga du får når du kjem til toppen av Bakkanosi er ei spektakulær utsikt utover Nærøyfjorden verdsarvområde og Sognefjorden.
Jordalen har dei siste åra opplevd ei sterk auke i vandreturistar som skal til Bakkanosi for å oppleve den spektakulære utsikta utover Nærøyfjorden. Trafikken er til tider så stor at det skapar negative utfordringar for lokalbefolkninga og naturen. Me ber deg difor ta omsyn og fylgje våre enkle oppfordringar når du besøker dette unike området.
Turfakta
Parkering: I Jordalen har grunneigarar lagt til rette med parkeringsplassar du kan bruka mot parkeringaavgift (Vipps eller kontakt). Desse er godt skilta. Bruk desse og ikkje parker langs vegen. Dette skapar store utfordringar for lokale bønder som må kome forbi med traktor, og for utrykkingskøyretøy med meir. Finn du ikkje parkering, vil me rå deg til å reisa til eit av dei andre fine turmåla du finn på nettsida til Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden.
Distanse: 20 km
Tid: Ca 8 timar tur/retur
Vansklegheitsgrad: Krevjande
Sesong: juli - september
Toalett: Vær oppmerksom på at det ikkje er offentleg toalett på turen til Bakkanosi.
Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen.
Fjellet her er også leveområde for villrein, hald hunden din i band på heile turen!
Stigning: 580 - 1398 meter
Turkart: Nærøyfjorden 1:50 000 og boka "Opptur i Hordaland"
Merknad: Denne turen er ikkje merka, og krev at ein har med seg kart og kompass
NB - Unngå snøskavlane på kanten ved Bakkanosi, også sommarhalvåret!
Turen til Breiskrednosi, eit av nabofjella til Bakkanosi med minst like god utsikt, kan anbefalast som eit godt alternativ. Tur til Breiskrednosi, via Rimstigen.
Førebuing og tips:
Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.
Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt
1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder