Hopp til hovedinnhold

Bli med Bakkejekta, ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt frå omlag 1750, på skumringstur på den vakre Dalsfjorden. På veg over fjorden kan du høyre historier om livet frå den gong fjorden var ferdselsvegen og jektene hadde si storheitstid. Her vil du og få høyre historia om Ingolfr Arnarsson. Han var frå Rivedal og den første som busette seg på Island. I Rivedal har den islandske stat sett opp ei statue av mannen som dei meiner grunnla landet deira. 

Bakkejekta er ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt, frå omlag 1750. Bakkejekta er bygd på same måte, med hogde bord. Båten er rigga slik vikingskipa var for tusen år sida. Bakkejekta er den einaste som er igjen av dei hundrevis av jekter som har vore i Sunnfjord, og truleg den eldste båten i landet utanom vikingskipa.   

Kontakt

Adresse:
  • Jensbua
  • 6963 Dale i Sunnfjord
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.bakkejekta.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Bakkejekta?