Stad

Varaldsøy.

Turkart

Noreg 1:50 000 blad 1215 11 Varaldsøy. Folgefonna nasjonalpark. Folgefonna - Hardangerfjorden.

Start- og sluttpunkt

Glebakka.

Parkering

Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn. Følg vegen ca 5 km til Glebakka, skilt på høgre side av vegen. Parker på opplagsplassen ved elva.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. T- merka og skilta.

Gradering

Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad

230 - 280 moh.

Tidsbruk

1 time t/r.

Gode råd

Elva ved P-plassen er kjelda for drikkevatnet på Varaldsøy, vis hensyn. Barlinda er nord-Europas største barlind. Den er freda ved norsk lov. Treet er holt, og fint for ungane å klatra i.

Turomtale

Frå P-plassen på skogsveg nordaust langs venstre side av elva. Etter 400 meter kryssar skogsvegen ein bekk, mens stien til Barlinda går langs venstre bredde 200 meter nesten fram til ei hytte. Derfrå sti til venstre opp i åsen til Barlinda. Dette er ein fin tur for heile familien gjennom vakre skogsområde. Stien kan vere litt tilgrodd.  

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

Kontakt

Adresse:
  • 5636 Varaldsøy
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Barlinda på Varaldsøy?