Bekkjarvik Experience tilbyr aktivitetar, kulturarrangement og opplevingar i Bekkjarvik i Austevoll, året rundt. Her møter du ekte kystkultur, spektakulær natur og gode matopplevingar i ei av dei mest særprega bygdene på Vestlandet.
Kvar er Bekkjarvik?
Bekkjarvik ligg i Austevoll sør for Bergen. Reisa hit går gjennom eit vakkert kystlandskap med ferjer, øyar og sjøutsikt. Det er mogleg å komme hit med bil, hurtigbåt eller buss frå Bergensområdet og Stord.
Opplevingar og aktivitetar
Hos Bekkjarvik Experience kan du delta på aktivitetar og opplevingar for både små og store grupper:
- El sykkel
- Sauna ved Juthola badeplass
- Kajakkpadling
- RIB turar
- Guidede turar
- Fisketurar
- Coasteering
- Rappellering
- Teambuilding
Aktivitetane passar både for feriegjester, vennegjengar og bedrifter. Fleire av opplevingane kan skreddarsys for grupper frå 10 til 150 personar.
Kultur og arrangement
Gjennom året arrangerast konsertar, show og kulturarrangement i Bekkjarvik. Om sommaren kan du oppleve arrangement på utandørsscena Hengjo, medan kultursalen blir brukt resten av året.
Her kan du oppleve kjende artistar i intime omgjevnader tett på havet.
Mat og overnatting
Bekkjarvik er kjent som ein matdestinasjon på Vestlandet. Kombiner gjerne opplevinga med middag eller overnatting hos Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites eller Beckerwyc House.
Du finn også restaurantar som Mirabelle by Ørjan Johannessen og Løo i sentrum av Bekkjarvik.
Booking
Aktivitetar, arrangement, sauna og el syklar kan bookast via nettsida til Bekkjarvik Experience.