Bergsetbreen (Krondalsbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen og kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Breen ligg kring ein times gangen frå garden Bergset som har gjeve namn til breen.

På Vestsida av Høgste Breakulen, 1957 meter over havet tøyer Bergsetbreen seg ned mot Krundalen. For folk som kjem opp mot breen står han der som ein 1400 meter høg isvegg. Kontrasten mellom den frodige dalen og den svære isveggen er slåande. Tek du bil til Bergset og parkerer der, må du rekne ein times gangtur inn til foten av breen. Terrenget er nesten flatt og denne turen er fin for familiar med born til dømes. Bre- og fjellmannen Normann Kjærvik skriv i boka Fjell: I den tida eg var breførar på Nigardsbreen, prøvde eg alltid å lokke turistar over på den andre sida av Hauganosi, til Krundalen og Bergsetdalen. Eg meinte det var for ille å køyre den lange vegen til Jostedalen utan å få med seg sjølve juvelen, Bergsetbreen.

Kontakt

Adresse:
  • 6871 JOSTEDAL
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no

Hvor er Bergsetbreen, Jostedal/ Luster?

Fjord Norways sekundærlogo