Hopp til hovedinnhold
Bestill

Hardanger Akvasenter er eit visningssenter for akvakultur, og du kan bli med på RIB-tur til eit oppdrettsanlegg i full drift. Opplegget startar med omvising i den moderne og interaktive utstillinga «Det er her vi bur». Denne utstillinga er i Øystese sentrum, i same bygget som Hardangerbadet. Deretter fortset omvisinga med RIB ut til Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg på fjorden. Anlegget ligg ved munningen til den vakre fjordarmen Fyksesund. Her får du sjå korleis oppdrett av laks føregår i praksis, og del av omvisinga er mating av fisken. Ved hjelp av undervasskamera ser du livet nede i merden. Du får og moglegheit til sjølv å gå rundt på anlegget og sjå på fisken. Omvisinga varar mellom 1,5 til 2 timar, og i hovudsesongen er det fast oppstart kl. 13.30. Om du ynskjer omvising og opplegg utanom kontaktar du Hardanger Akvasenter for avtale.

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjordvegen 615
  • 5610 Øystese
Telefon:
+47 970 17 537
E-post:
post@akvasenter.no
Nettside:
www.akvasenter.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Besøk på oppdrettsanlegg med RIB båt – Hardanger Akvasenter?