Hopp til hovedinnhold

Blåfjell 1397 moh / Sogndal

Er det god sikt kan du frå toppen sjå både Falketind og Fresvikbreen.

Opp: Lettaste tur til topps går frå alpinanlegget ved Sogndal Skisenter Hodlekve. Frå toppen av skitrekket der er det vanlegvis tråkka spor opp til vel 1000 meter på Vardafjell. Derfrå går turen vestover langs ryggen på Kambafjellet. Lettast å komma opp på toppen av Blåfjellet er det frå sør.

Ned: Returen kan du gå same vegen eller ned i Stilledalen. Siste henget ned Stilledalen er det brattaste. Dette henge er opp i mot 30 grader bratt. Nede ved Britasteinen kjem ein inn på merka langrennsløype som går ned igjen til Sogndal Skisenter Hodlekve.

Adkomst: Køyr til Sogndal Skisenter Hodlekve langs E 5 mellom Sogndal og Fjærland.

Fakta:

Tid opp/ned

2-4 timar / 4,3 km

Sesong:

desember - april

Farar:

Skred

Lengde ned køyring:

877 høgdemeter

Brattaste punkt:

Under 30 grader. Nokre mindre heng som er på 30-33 grader

Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ei risiko.

Kjelde: ut.no / Friflyt.no

Kontakt

Adresse:
  • Hodlekvevegen 276
  • 6856 Sogndal
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.friflyt.no/topptur/skiturer-sogn/turbeskrivelse-blaafjellet-sogn

Hvor er Blåfjellet Topptur Sogndal?