Hopp til hovedinnhold

Det er eit unikt fargespel når dagslys trenger gjennom fleire tusen år gamal isbre. Ei verd du aldri har sett maken til.

Det safirblå lyset, formasjonar og mønster i isen, er så forførande vakkert og unikt at det blir for mange sett på som utenomjordisk oppleving.

Fenomenet må opplevast med guidar som kjenner forholda på, i og rundt breen. 

Turen fram til breen er enkel i seg sjølv, men det er totalt 13 kilometer å gå på ein dag. Ein nyttar anten ski, fjellsko eller truger på turen, det er ikkje bratte bakkar, men det blir rekna som en dagstur i vinterfjellet. 

Fakta om turen:

Ein må rekna god tid og det er ein dagstur. 

Det er absolutt best å ha minimum ei overnattig på Jostedal Hotel då turen startar tidleg på morgonen. På hotellet kan du kjøpe med deg lunsj til turen og få fylt opp termosen.

Det er på hotellet du møter breføraren som skal være guide turen.

Turen inn til breen går i eit relativt lett turterreng, men ein går i snø på truger eller ski. 

Turen er totalt 13 kilometer der ein kryssar over Nigardsbrevatnet før ein byrjar på  den korte stigninga opp til brekanten. Guiden veit kvar dei beste og trygge isgrottene er.

Turen passar best for born over 12 år, og ein bør være i normal god form. 

Du vert med lokalkjend og profesjonell guide som for utan å kjenne området, forholda og dei trygge grottene under breen. Også fortel om det historia og fakta om Jostedalsbreen.

Du må ha turkle tilpassa ein vinterdag ute på tur. (Gode varme sko, vindtett bukse og jakke, lue, vottar og helst ullke innerst. Har du med deg ei varm dunjakke så er du sikker.

Hugs kamera

Hugs ein liten dagstursekk (20-30 ltr) 

Termos?

Pris

Pris for kun tur er kr.1200,-  pr. person og inkluderer truger og anna naudsynt utstyr. (NB: Minimumspris er kr 3600,- om det er under 4 personar) Prisane er for vinter 2023 sesongen. 

( NB: Foto og film på nettsider og i andre publikasjonar er fra tidlegare turar. Isbreen er i stadig rørsle og blåisgrottene endrar seg til stadigheit, så ingen sesong er lik både på og under breen. Men lyset er det samme).

Vel møtt til  ei eventyrverd under blåisen

Til ei verd du ikkje hadde aning fanst. 

Til ei verd så ubeskriveleg vakker at den mest tek pusten frå deg. 

Til ei verd så utanomjordisk.

Til ei verd så ekstremt jordisk.

Til ei verd under tusen år gamal is, under den største isbreen.

Til ei safirblå isgrotte så ulikt alt anna.

Vel møtt til Jostedalen.

Vel møtt til ei reise under blåisen

Booking og meir informasjon:

Telefon: (+47) 57 68 31 19 (+47) 992 25 049 

post@jostedalhotel.no

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Jostedal
  • 6871 Jostedal
Telefon:
99225049
E-post:
post@jostedalhotel.no
Nettside:
www.facebook.com/icecaves

Hvor er Blåisgrotta under breen?