Blegja i Askvoll blir gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Turen opp det 1304 moh. høge fjellet er kravjande, men naturopplevinga desto større. Frå toppen kan du nyte synet av Sogn og Fjordanes bratte fjellverden frå oven! Du ser den fantastiske vestlandsnaturen med fjord, fjell, isbre, øyar og hav så langt auge rekkjer.

Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjell rundt Bergen, 100 km vekke! Ei spektakulær naturoppleving! Denne turen er krevjande og passer for erfarne fjellfolk. Delar av terrenget er bratt, og ein må klatre det siste stykket mot toppen. Det ligg snø på toppen store deler av året, og ein må ta høgde for dette før ein legg ut på tur. Hugs å ta med kart, kompass, gode klede, gode sko og rikeleg med mat og drikke.

Turbeskriving

Start: Rørvika Gradering: Ekstra krevjande Tid: 4-5 timar opp, 3-4 timar ned Høgd: 20-1304 m.o.h. Lengd: 10 km tur/retur.Rørvika - Hengenipa - Nipevatnet - Blegja Det er mange ruter opp til Blegja, men turen som startar frå rv. 609 i Rørvika er den kortaste og mest brukte. Det er parkeringsplass ved informasjonstavla på nedsida av vegen. Om lag 100 meter lenger framme startar ein ved ei grind på ein traktorveg - her er det skilt merka Blegja. Ruta er T-merka heile vegen til toppen. Ein følgjer traktorvegen fram til eit lite inngjerda jorde og tek til høgre mot elva. Her går ein bratt opp på venstre side av elva på ein tydeleg sti. Denne følgjer ein fram til Hengenipa, som ligg 506 m.o.h. Her er det flott usikt til Førdefjorden!Stien går vidare opp lia til ei hytte som heiter Nipebu. Ruta går vidare i retning Rørviksnipa på ein sti til foten av nipa. Så tek ein til høgre og følgjer fjellfoten fram til Nipevatnet. Her kan du sjå topplatået til Blegja. Ein går først langs venstre sida av Nipevatnet, og så litt oppe i fjellsida. Vidare kryssar ein ei laus steinur før ein kjem til ein fjellrygg. Her går ein opp fjellryggen til ein kjem til ei steinur i retning skaret mellom egga på Rørviknipa og Blegjaplatået. Det er lett klatring dei siste meterane opp på platået. Om lag 150 meter lenger framme ligg varden, og her ventar storslått utsikt i alle retningar! Her ser du Alden, Jostedalsbreen og dei sju fjella rundt Bergen!

Korleis kjem ein seg til oppmøtestaden?

Med bil

Frå Bergen Følg E39 nordover til du ender opp i Førde. Ta av i krysset mot Askvoll, og følg rv. 609 vestover til Rørvika. Her er det parkeringsplass ved informasjonstavla på nedsida av vegen.

Med kolletiv transport

Du kjem deg enkelt til Askvoll med ekspressbåt frå Bergen eller Nordfjord. Sjå en-tur.no for rutetider. Du kan reise med buss frå mellom anna Askvoll, Førde og Florø til busstoppet Rørvik. Det er 10 meter å gå frå busstoppet til parkeringsplassen som er startpunktet for turen. Her står det skilt til Blegja og informasjonsskilt for Askvoll.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Rørvika
  • 6980 ASKVOLL
Telefon:
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Blegja - den høgste toppen i FjordKysten?