Hopp til hovedinnhold
Bestill

Symjehallen er lys og moderne med dusjbåsar i alle dusjar og badstu i kvar garderobe. Det er tilrettelagt med handicapgarderobar og rampe ned i opplæringsbassenget

Oddetalshelger (frå fredag til søndag) tilbyr dei hinderløype i 25 meters-bassenget, og partalshelger er 3. og 5.m hoppe/stupetårn ope.

I feriar og ved andre særskilte høver kan hinderløypa vera i bassenget også ved andre tidspunkt. Følg med på nettsida eller Facebook-sida til Bømlo symjehall for oppdatert informasjon.

Symjehallen har lagt til rette for eigne tider for dei som ønskjer å symja i banar. Dei har faste timar i veka med Aqua gym og Aqua Run, og har også eigne tider som er tilrettelagt for seniorar.

Det tilbys også kurs for baby- og småbarnssymjing

I symjehallen er det ein badebutikk der du kan få tak i det du har behov for av badetøy, symjebriller, badehetter, armringar, litt badeleikar og liknande. I resepsjonen er det ein liten kiosk der dei bl.a sel brus og is.

  • Facebook logo

Tider

Opningstider (NB! Eigne opningstider i skuleferiar og høgtider)

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
17:00–20:00
Onsdag:
Stengt
Torsdag:
17:00–20:00
Fredag:
17:00–20:00
Lørdag:
12:00–16:30
Søndag:
12:00–16:30

Kontakt

Adresse:
  • Idrettsvegen 89
  • 5430
Telefon:
53423260
E-post:
bomlo.symjehall@bomlo.kommune.no
Nettside:
www.bomlo.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-frivilligheit/symjehallar-og-basseng/bomlo-symjehall/

Fasiliteter

Basseng:
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
Butikk:
Badstu:

Hvor er Bømlo symjehall ?