Bondhusbrea og Bondhusvatnet har vore eit ynda reisemål sidan midten av 1800-talet, og det har ikkje vorte mindre populært med åra. Bilete av det fotovennlege brevatnet dukkar opp stadig hyppare på sosiale medier, og det er ikkje utan grunn. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg.
Turen opp frå parkeringsplassen i Sundal er ikkje krevjande i det heile. Både barnevogner og rullestolar, dog med kraftig motor, kan få seg opp dalen til Bondhusvatnet. I roleg gange tek turen om lag 2 timar t/r. Ynskjer du å gå heile vegen inn til breen, tek det éin time ekstra.
Oppdatering pr 28.juni 2022:
Grunna eit stort ras som har gått over stien som går langs med Bondhusvatnet, er det ikkje mogleg å gå på stien som går på høgresida av vatnet. Stien er sperra inntil vidare, og det er kun mogleg å gå opp til vatnet
Meir informasjon her
Naturattraksjoner
Bondhusvatnet
Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.
Jondal
Kilde: Visit Hardangerfjord
Kontakt
- Adresse:
- 5476 Mauranger
- Telefon:
- +47 53484280
- E-post:
- turistinfo@kvinnherad.kommune.no
- Nettside: