Stad

Sunndal, Mauranger.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Bondhus. Parkering Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved fylkesvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor. Betaling for parkering (kr 100,- pr dag) kan gjerast med VIPPS til 691562 Bondhusdalen Parkering (husk å notere skiltnummer) eller kort. Fartsgrense i området er 30 km/t.

Merking

Skilt og orienteringstavler er oppsette, men ruta er ikkje gjennomgåande merka.

Gradering

Bondhusvatnet: Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Godt eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol. Bondhusbrea: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

60 – 190/320 moh.

Tidsbruk

2 timar t/r Bondhusvatnet. 3 timar t/r inste enden av Bondhusvatnet. 4 timar t/r morenesletta (Vetledalen) under Bondhusbrea.

Gode råd

Stien kan vera delvis blaut opp frå Bondhusvatnet mot Vetledalen/Bondhusbrea.

Turomtale

Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Vegen vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg. Vidare er det sti langs vatnet og opp til Vetledalen 320 moh. der ein kjem nærare Bondhusbrea. For breklatring vert Bondhusbrea ofte nemnt som den flottaste i landet. Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna Nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet.

Rullestol

Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har fast grusdekke. Fleire grindar må passerast på turen, så hjelpar er nødvendig. Godt eigna for motorisert rullestol. Nokre bakkar krev kraftig motor.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

Kontakt

Adresse:
  • 5476 Mauranger
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Bondhusvatnet, Bondhusdalen og Bondhusbrea?