Bøyabreen ser du på nært hald frå riksvegen. Tek du turen bort til Brevasshytta, kan du kjøpe deg mat og nyte utsikten til breen frå det store panoramavindauga i restauranten. Når du er på Norsk Bremuseum i Fjærland har du akkurat så vidt augekontakt med han. Etter mindre enn fem minuttar i bil, får du bokstavleg tala breen i fanget. Tek du turen inn til Brevasshytta kan du kjøpe deg mat og sitje ved det store panoramavindauget og sjå breen kalve. Bøyabreen snakkar til deg heile tida. Han fortel korleis breen har det. Veks han eller minkar han? Her er det lett å følgje med fordi signala er så lette å få auga på. Bøyabreen er som eit brebarometer for gud og kvarmann som reiser forbi. Tek du deg tid til å lære om breen på Bremuseet før du dreg opp dit, vil du forstå meir og sjå fleire av signala som breen sender når han talar til deg.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Fjærlandsvegen 4105
  • 6848 Fjærland
Telefon:
+47 95067259
E-post:
booking.fj.guiding@gmail.com
Nettside:
www.fjaerland.org

Fasiliteter

Parkering:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Bøyabreen, Fjærland?