Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 2,6 km ta til høgre rett før brua på Byrkjeland. Etter ca. 300 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Etter ca. 1,5 km kjem du til ei bru med ei grind. Hugs å lukke grinda etter deg viss ho var lukka. Her er det inntak for Stølsdalselva kraftverk på Byrkjeland, som vart sett i drift i 2009. Bilvegen går 2,2 km vidare til stølen Breidsete. Der er det ei infotavle, og god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Breidsete er start- eller endepunkt for fleire andre turar.

Om turen Gå over stølsflaten på Breidsete og over ei bru. Her er det skilta Freddal og Hestadalen. Du går mot Freddal i god og lett sti til Nipevatnet og langs vatnet til stølen Freddal. Stølen ligg på ei lita høgd mellom Nipevatnet og Freddalsvatnet.

Parkering: Sjå "startpunkt" Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa.  Lengde: 2,4km Total gangtid: 2-3 timar  Sesong: Mai - november  Vanskegrad/gradering: Grøn, enkel 

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Hvor er Breidsete - Freddal?