ICETROLL tilbyr turar inkludert både kayakkpadling og brevandring på same turen.
Turen foregår i avsidelsliggande bredalar kor de ikkje ser andre menneske heile dagen. IceTroll tilbyr dagstur på enten Styggevatnet eller Tunsbergdalsvatnet, overnattingstur, og for den eventyrlystne ein todagars tur.
På Styggevatnet opplever ein ofte å padle mellom store isfjell, som ramlar ned frå den høge fronten av Austdalsbreen. Det tek ca 1,5 time med å padle kajakk over Styggevatnet til Austdalsbreen. Når du kjem til Austdalsbreen får du ein velfortjent pause og du kan ta fram nistepakken din. Sjølve breturen tek ca 1,5-2 timar der du får oppleva massive breformasjonar. Kajakk tilbake etter bretur.
Tid: 7,5 time
Alder: 15+
Sesong: Juli - September
Ta med: Lue, hanskar eller vottar, solbriller, gode tursko, varm jakke, vind jakke, mat og drikke.
ICETROLL ynskjer velkommen alle som likar utandørsaktivitet.
Oppmøte ved Breheimsenteret i Jostedalen.