Hopp til hovedinnhold

Brevegen AS er ei reiselivsverksemd i Jostedalen i Sogn. Mellom Breheimsenteret og Nigardsbreen driv me ein bomveg, over 3 km lang, og båtskyss på Brevatnet med M/S Jostedalsrypa.Vegen går gjennom eit svært interessant morenelandskap, der isen låg fleire hundre meter tjukk på 17- og 1800-talet. Alt dette og meir til kan du lære om i Breheimsenteret.

Båten MS Jostedalsrypa, som ber namnet åt ei særs kjend jente frå Jostedalen, tek 24 passasjerar. Sesongen varer frå slutten av mai til 1. oktober. I høgsesongen går begge båtane. Ved å køyre bomvegen og følgje båten over, kjem du heilt inn til den imponerande fronten av Nigardsbreen, og du kan vere med Jostedalen Breførarlag på bretur. 

På desse sidene vil du kunne finne ut at Jostedalen er verd ei vitjing. Du er alltid hjarteleg velkommen!

Treng du meir informasjon, sjekk ut linkane på sida eller ringe turistinformasjonen på 57683250.

Kontakt

Adresse:
  • Brevegen
  • 6871 Jostedal
Telefon:
E-post:
post@brevegen.no
Nettside:
www.brevegen.no

Hvor er Brevegen, Nigardsbreen