Café Rallaren si sykkelutleige er lokalisert ved plattforma på Myrdal stasjon. Vi legg stor vekt på sikkerheit, og har difor to sykkelmekanikarar som sjekkar og fiksar syklane etter kvar tur. Syklane våre er Mountainbikes som vi får svært god tilbakemelding på av kundane våre. Me tilbyr også bagasjeoppbevaring.

Sykkelturen frå Myrdal til Flåm tek ca. to timar. Komfortable klær og sko er anbefalt til sykkelturen. Sykkelturen langs Rallarvegen er for folk i alle aldrar, men vi ønskjer å gjere kundane våre merksam på at turen krev ein viss sykkelerfaring. Ver også merksam på at ein kan møte på bilar på sykkelturen.

Henting og levering av syklar

Henting av sykkel kan gjerast mellom kl 09:30 - 17:00 i juli og august, i September mellom 09:30 - 16:00,eller etter avtale, på Myrdal stasjon.
Etter sykkelturen leverer du sykkelen på Flåm jernbanestasjon før kl 18:30

Sykkelhjelm og transport av syklane tilbake til Myrdal er inkludert i prisen.

Hvor er Cafe Rallaren sykkelutleige, Flåm?

Fjord Norways sekundærlogo