Hopp til hovedinnhold

Materiala som utgjer verda ikring oss ber alle med seg historier. Historier om møte mellom funksjon og estetikk, tid og krefter, behov og eigenskapar. Tidvis er desse historiene så forankra i oss at vi tek dei for gjevne og ikkje stiller spørsmål ved assosiasjonane og narrativa dei gjev oss. Som at kvite, skinande overflater er eit symbol på reinleik, eller at svana er eit symbol på ynde, eleganse og ljos. Det er ikkje lett å verte klok på kva som kom fyrst – dikta vi historier som passa og gav meining til material og dyr, eller spann vi store narrativ der vi plasserte inn material og dyr for å gje historia meining?

I Cygnus Purus, som tyder rein svane på latin, inviterer Camilla Luihn til ei utstilling der våre etablerte idear og assosiasjonar vert utfordra. Svana er representert i form av sju verk utforma i kopar, seks av dei er emaljert i kvite tonar og eitt i blått, med tydelege penselstrøk. Ved å nytte kvit emalje – eit material som ofte vert knytta til sanitære møblar som servantar og badekar, kombinerer Luihn materialet si ibuande historie med svana sin posisjon som mytologisk symbol. Emalje har estetiske kvalitetar og moglegheiter, men også funksjon i form av å danne glatte, beskyttande hinner mellom objekta det er påført og verda utanfor. Denne hinna gjer det lett å fjerne støv, smuss og skitt frå overflata, ein avgjerande faktor for den utstrekte nytta emalje har hatt innanfor hygiene og sanitasjon. Lik svana har fargen kvit vore avgjerande for vår lesing av reinsemd og tolking av noko som reint. Frå avstand gjev overflata til både svana og emaljerte objekt inntrykk av å vere homogene, ubrotne flater av skinande kvitt. Ei utvendig flate der verdien ligg vel så mykje i det som er, som i det som ikkje er. Men både den optiske illusjonen av reinsemd og bygginga av svana si mytologiske historie stikk ikkje djupare enn det ytste laget dei ber på. For kan vi verkeleg stole på det augene våre fortel oss om reinsemd, og var det ikkje slik at ei av mytene fortel om ein guddom som ikler seg hamen til ei svane for nettopp å utnytte svanas skjønnheit og uskuld til å gjere overgrep?

Camilla Luihn (f. 1968, Noreg) tok i 1994 mastergrad i kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har stilt ut ved blant anna Kunstnerforbundet og RAM galleri i Oslo, Galleri F15 i Moss og Galleri Four i Gøteborg. Luihn er representert i dei store offentlege samlingane i Noreg, og mottok i 2002 Norsk Forms pris til unge formgjevarar og Oslo Bys Kulturstipend for 2000. I 2022 mottok ho Kunsthandverksprisen frå BKH for verket Det som blir igjen. Luihn har vore tilsett ved Kunsthøgskolen i Oslo sidan 2019.

Visninger

08. mai:
12:00
09. mai:
12:00
10. mai:
12:00
11. mai:
12:00
12. mai:
12:00
15. mai:
12:00
16. mai:
12:00
17. mai:
12:00
18. mai:
12:00
19. mai:
12:00
22. mai:
12:00
23. mai:
12:00
24. mai:
12:00
25. mai:
12:00
26. mai:
12:00
29. mai:
12:00
30. mai:
12:00
31. mai:
12:00
01. juni:
12:00
02. juni:
12:00

Kontakt

Adresse:
  • Vågsallmenningen 12
  • 5014 Bergen
Telefon:
+47 451 11 993
E-post:
kraft@kraftkunst.no
Nettside:
kraftbergen.no/

Hvor er Camilla Luihn - Cygnus Purus?