Hopp til hovedinnhold
Bestill

I over 30 år har D.D.E. laga låtar, spelt for og underhalde det norske folk. Tre–fire generasjonar har sunge med, dansa, ledd og grått. I heimen, i bilen, i båten, på hytta, og ikkje minst på festivalar og på festlokale. No legg folkefavorittane for første gong ut på ein landsdekkande kulturhusturné, der ikkje bare hitlåtane, men også nokre av dei litt mindre spelte perlene frå katalogen får skina.

Kulturhuskonserten «D.D.E. – GRAITEST HITS» handlar sjølvsagt først og fremst om låtane, men sentralt er også Frode sin gamle amerikakoffert. Ut av den blir det henta minne og historier, frå turnébussen og på øvingslokalet. Det handlar om starten, om å skapa og villa noko, møte med fans, og ikkje minst ein god porsjon røvarhistorier. D.D.E. – GRAITEST HITS er 90 minuttar med trivsel, allsang og gode historier. Velkommen på konsert!

Visninger

Stord Kulturhus (Stord)
18. oktober:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Hamnegata 1
  • 5411 Stord
Telefon:
53 49 69 66
E-post:
Kulturhuset@stord.kommune.no
Nettside:

Hvor er D.D.E. - GRAITEST HITS?