Dagsturhytta Sjøglytt ligg i Stad kommune. Hytta ligg på Risnakken, rett ovanfor Selje sentrum.
På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde.
Turen startar i Skogaveien ved Doktorgården. Følg vegen om lag 100 meter mot kyrkja, og ta til høgre ved skiltet som viser veg mot Risnakken. Her startar trappene opp til dagsturhytta.
Det er bratt opp til Risnakken, men gode trappetrinn gjer turen enkel å følgje. Stien er lyssett og kan nyttast heile året. Turen opp er om lag 1 km og tek rundt 30 minutt, avhengig av tempo. Dagsturhytta ligg på ca. 136 moh.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Parkering og kollektivtransport
Du kan parkere i Selje sentrum, ved Selje skule eller ved Kyrkjevegen Næringsbygg.
Kjem du med buss, går du av ved busstoppet ved Selje skule. Frå kaia i Selje kan du gå mot Seljesanden og vidare til starten på turen.
Fjellturer og vandring
Dagsturhytta | Selje
Frå dagsturhytta Sjøglytt får du ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, Seljesanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.
© Atle Skrede
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- Fv631 36
- 6740
- Telefon:
- 57 88 58 00
- E-post:
- post@stad.kommune.no