Hopp til hovedinnhold

Den karakteristiske dagsturhytta har form som ein trekant, med store vindauge som slepper inn mykje lys og gjev god kontakt med naturen utanfor. Utandørs sitjetrapper og benkar inviterer til ein pause i friluft, medan det overbygde inngangspartiet gjev ly for vêr og vind. Hytta har vedomn, innvendig lys og sanitæranlegg.

Turen til Kloppemyrhytta

Frå parkeringsplassen ved Øyravegen på Tonningsøyra følgjer du den merka stien langs Vikaelva opp til Kloppemyra. Turen går for det meste gjennom lett skogsterreng og har svak stigning. Kloppemyrhytta ligg på om lag 250 moh.

Det er om lag 1,5 km frå parkeringsplassen til hytta, og turen tek rundt 30–45 minutt i roleg tempo.

Du kan også starte turen frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski. Her følgjer du turløypetraseen i om lag 500 meter før du tek av på merka sti nedover mot Kloppemyrhytta og Stryn sentrum. Denne ruta er om lag 1,7 km og tek rundt 30–45 minutt.

Parkering

Parkering til Kloppemyrhytta finn du på grusplassen til venstre for Øyravegen på Tonningsøyra, vest for Stryn stadion.

Frå Kloppemyrhytta kan du gå vidare i retning Stryn vinterski.


Kommunekontakt

Ta kontakt med Stryn kommune ved spørsmål og tilbakemelding om sjølve hytta

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Kloppemyra
  • 6783
Telefon:
57 87 47 00
E-post:
postmottak@stryn.kommune.no

Hvor er Dagsturhytta | Stryn