Nykshytta ligg ved Nyksvatnet i Holmedal, 455 moh. Stien er om lag 2 km og i vanleg tempo brukar du omlag 45 minutt opp. Hytta har solcelle for å få varme og lys i hytta, samt utedo. Frå hytta har du flott utsikt over Stongfjorden. 

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si og få litt varme i seg. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. 

Tilkomst 

Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du 1,5 km mot fjellet på ein kommunal veg før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Det er skilta undervegs og fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatnet som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal.

Like før Nyksvatnet kjem du til eit stiskille, der du tar av til høgre mot Moldura. Ein kan også gå rett fram opp til Nyksvatnet og ta til høgre ved skilting Håland/Tveit - stølane. Hytta ligg då berre 100 meter lenger oppe.

Kontakt

Adresse:
  • Nyksvatnet i Holmedal
  • 6982 HOLMEDAL
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
ut.no/hytte/1081/nykshytta-dagsturhytta-i-askvoll

Fasiliteter

Barnevennlig:
Total stigning:
  • 455m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 2.3km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Dagsturhytta i Askvoll - Nykshytta?