Hopp til hovedinnhold

Frå Vinjaåsen har du utsikt ned mot Aurlandsvangen, ut over Aurlandsfjorden mot Flennes, Skjerdal og litt oppover dalen retning Aurlandsdalen og innover fjorden retning Flåm.

Tilkomst og parkering

Aurlandsvangen er utgangspunktet for turen. Her er det mogleg å kome med buss. Parkering ved Aurland stadion eller i sentrum. 

Stien til hytta

Frå parkering ved skulen kan du gå vegen Bakkane til Vinjavegen og følgje denne og så finne stien derfrå. Stien er merka med raude merke, og har mellombels skilt som seier når du skal ta av frå stien mot hytta. Hytta er ca. 50 meter frå stien og er lett synleg. 

Frå parkering ved kyrkja følger du Bjørgavegen til Doktarbrekka til du kjem til Rygg. Dette er den øvste vegen i bustadområdet. Følg denne til vassverket og vidare. Ved enden skal det vere ein snuplass med skilt til dagsturhytta.   

Langs vegane frå parkeringsplassen til stien er det vere uproblematisk å gå, trille barnevogn o.l. Når stien tar til i terreng, er han ikkje eigna til anna enn gåing. Stien skal utbetrast på nokre punkt. Han har nokre bratte parti, og kan òg på eit parti vere glatt å gå når det er mykje regn. Stien går også gjennom ei grov ur som kan vere utfordrande. 

Avstandar

Vinjaåsen ligg på om lag 300 meter. Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein og ein halv time frå Aurlandsvangen i moderat tempo. Det 2 km ein veg. 

Kontakt

Adresse:
  • Aurlandsvangen
  • 5745 Aurland
Telefon:
E-post:
Hallgeir.Hoydal@aurland.kommune.no
Nettside:
www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/aurland-vinjaasenhytta/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Dagsturhytta i Aurland - Vinjaåsenhytta?