Synkenhytta 

Tilkomst og parkering

Følg skilt frå Høyanger sentrum til Siplo skisenter. Både på vinter- og sommarstid er det parkeringsplass ved Siplo. Om sommaren kan ein i tillegg parkere på «Flyplassen» ved Bergsvatn og ved sjølve hytta (få plassar). 

Stien til hytta

Stien er ein køyrbar grusveg langs Bergsvatn inn til Synken, der hytta ligg. Det er lett terreng å gå i og universell tilkomst. Det er mogleg å bygge på turen ved å gå via Toppenhytta og følgje sti derifrå og ned til Synken. Det er ein lenger tur, men går i fint terreng med nokre bratte parti.

Om vinteren blir det trakka skiløype som følgjer grusvegen. Det er lett skiterreng med lett stigning heilt i starten av turen.

Padling

Det er ein fin padletur frå parkeringsplass til hytta dersom det er fulle magasin i vatna (regulerte vatn). 

Det ligger to Hasle-kanoar til utlån ved vatnet. Utstyr som årer og redningsvestar ligg på hytta. Gratis utlån.

Avstandar

Den lengste turen ti hytta er 6,5 km. Dette er frå parkeringsplassen ved Siplo og inn til hytta.

Frå «Flyplassen» er det om lag 4 km å gå langs grusvegen (kortaste rute).

 

Kontakt

Adresse:
  • Siplo Skisenter, Synkenhytta
  • 6993
  • Høyanger
Telefon:
E-post:
Grete.Bjornsen.Ulvestad@hoyanger.kommune.no
Nettside:
www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/synkenhytta-hoyanger/

Hvor er Dagsturhytta i Høyanger - Synkenhytta?