Tilkomst og parkering 

Ta av frå rv. 5 mot sentrum og ta av til Lærdal Grønt. Her vi du finne ein opparbeidd parkeringsplass for dagsturhytta. Gå gangvegen vidare under brua og følg vegen over brua for å finne stistart.

Stien til hytta

Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Rett før tunnellopninga til Fodnestunellen er det ei grind og det er merka sti til Mjølkeflathytta. Nokre svaberg er sikra med tau og trapper, spesielt mynta på vinterturar. 

Det er også mogleg å gå frå Stødno. Då tar du av til Lærdal sjukehus og tar av til Stødnavegen. Frå garden Stødno er det merka sti til Hedler og Mjølkeflathytta. Stien går på nordsida av Lærdalselva.  

Avstandar

Turen frå tunnellopninga tar ca. 30 minutter og er på omtrent 1 km. Hytta ligg på 95 moh. Turen frå Stødno er 2,3 km. 

Hvor er Dagsturhytta i Lærdal - Mjølkeflathytta?