Hopp til hovedinnhold

Tilkomst og parkering
Kjem du frå Skei eller Lærdal skal du ta av frå rv. 5 til fv. 55 mot Balestrand. Etter Shell tar du av mot Stedje kyrkje. Kjem du frå Leikanger tar du rett av mot Stedje kyrkje ved Shell. Følg skilting, og parkering er ved Stedje kyrkje og Stedje barnehage. Vér obs på at det er parkeringsavgift.
Stien til hytta
Frå kyrkja er vegen til stien skilta. Når du har kome gjennom bustadfeltet startar stien opp til Stedjeåsen. Halvegs til toppen ligg hytta tett på stien på ein avsats i terrenget. Stien følgjer ryggen opp Stedjeåsen, og nokre plassar er stien relativt bratt. Hytta er likevel godt mogleg å nå for dei fleste i normal form, også barnefamiliar.
Avstandar
Turen er 1,3 km og 250 høgdemeter. Du kan rekne med å bruke om lag 30–40 minutter i roleg gange. 

Kontakt

Adresse:
  • Stedjeåsen 92
  • 6856 Sogndal
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/stedjestova/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Dagsturhytta i Sogndal - Stedjestova?