Liabu ligg på ca. 820 moh. Hytta har utedo og solcellepanel.

Tilkomst og parkering

Frå Vikøyri følg rv. 13 og ta av til Vik Skisenter. Følg vegen og parker ved Vik skisenter. For å kome til stien må ein gå til Vik fjellandsby.

Stien til hytta 

Frå parkeringsplassen er det skilta sti på skogsveg. Gå over ei bru og følg skogsvegen til du møter ein grusveg. Følg denne oppover mot Vik fjellandsby og til enden av Djupagjelvegen. Her skal ein velje stien til venstre. Følg denne stien i 850 meter, då skal du krysse elva Djupegila. Vidare går ein på nyrydda sti som er merka.   

Frå hytta er det 600 meter til Liasete i sør. Du kan også gå vidare til Liahovden. 

Avstandar 

Frå parkeringa er det omtrent 20 minutter til stistart.

Kontakt

Adresse:
  • Vik Skisenter
  • 6891 VIK I SOGN
Telefon:
E-post:
Ole.Petter.Ramberg@vik.kommune.no
Nettside:
www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/liabu-vik/

Hvor er Dagsturhytta i Vik - Liabu?