Følg traktorvegen frå parkeringsplassen ved Dalshaugane. Det tar ca 30 minutt å gå opp til hytta.
Før du går inn i hytta må du ta av deg skoa. Våte ytterklede kan du henge utanfor.
Det er ein vedomn i hytta. Vil du bruke denne, må du ta med deg ved sjølv.
Dasgturhytta har eit nynorsk turbibliotek. Det er flest barnebøker på Tveitaslottet. Bøkene er til bruk på hytta.
Parkering
Du kan parkere ved Dalshaugane, mellom Årbø og Tveita.
Her finn du meir informasjon om dagsturhyttene på Vestlandet og korleis nytte dei. NB! Det er ikkje lov å overnatte i hyttene.