Dagsturhytteprosjektet vart starta i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016 med mål for å få fleire i fysisk aktivitet. Hyttene vert gode turmål og møteplassar, og ideen spreidde seg vidare til kommunane i Hordaland hausten 2019. I desember 2021 vart dagsturhytta Solhaug i Ulvik offisielt opna. Den 1,3 kilometer lange turen til hytta er skilta frå Holmen Idrettsanlegg og tek om lag ein halvtime i roleg tempo. Fyrste del av turstien er på asfalt, medan resten av vegen føl traktorvegen opp til turstien Åsen.

 

Hytta er open for alle med fleire sitjeplassar både ute og inne. Inne i hytta finn en òg lokal litteratur for store og små, samt ein liten vedomn. Hytta vert drifta på dugnadsbasis og skal ikkje nyttast til overnatting.  Det skal heller ikkje nyttast open eld eller eingangsgrill ved hytta då det ikkje er høve for slokking. Solhaug har ikkje innlagd vatn eller toalett – dette finn ein ved idrettsanlegget i Holmen.

Kontakt

Adresse:
  • Fv 301
  • 5730 Ulvik
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.facebook.com/Ulvikturlag/

Hvor er Dagsturhytta Solhaug?