Velkomne til Dampen Sauna i Fjærland
Ingenting slår kombinasjonen av ei varm badstu og eit forfriskande bad som gir deg følelsen av å vera levande og våken!
Snø og is er kaldt, men den tørre luften inne i badstova gjer deg varm i kroppen at det er berre godt med eit forfriskande fjordbad - sjølv midt på vinteren.
Fjærland Guiding har laga til Dampen Sauna som ligg vakkert til ved Fjærland Fjordstove Hotell og har ein kapasitet på 8 personar samtidig på drop-in.
Dampen og Vetle Dampen
Dampen Sauna ligg flytande på Fjærlandsfjorden og har kapasitet på 10 personar og Vetle Dampen ligg på land og har plass til 4 personar.
Booker du drop in så betyr det at du kan ende opp med å dele sauna, men om du ynskjer å ha saunaen for deg sjølv så må du bestille som ei gruppe.
Drop-in vaksen 60 minutt - 180 kroner
Drop-in vaksen 120 minutt - 300 kroner
Drop-in barn 60 minutt - 125 kroner
