Hopp til hovedinnhold
Bestill

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum – Levande historie for heile familien

Velkomne til eit av Noregs største og eldste folkemuseum! Her kan de vandre gjennom eit friluftsmuseum med over 30 antikvariske bygningar, som syner korleis folk i Sogn levde frå 1500-talet og fram til i dag.

Friluftsmuseet består òg av eit variert kulturlandskap, med artsrike slåttemarker, styvingstre, åkrar og beitemarker. I museet sin store hovudbygning finn de interessante utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar, mat og drikke, og ei utstilling knytt til dei norske høgtidsdagane.

Guida turar og aktivitetar for familien:
I sommarsesongen kan du bli med på omvisingar der de får høyre om levd liv i Sogn, og delta i mating av dyra på garden, der borna kan bli kjend med gamle norske husdyrrasar som kyr, sau og gris. For dei minste er det leikeområde, naturløyper og eventyrskog, der dei kan boltre seg og oppleve natur og kultur på nært hald. Ei eiga utstilling for born og unge syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000.
 
Arrangement: 
Museet har ulike arrangement gjennom sesongen med tradisjonelle aktivitetar, handarbeid eller gardsarbeid. På nettsida vår finn du oversikt over kva som skjer.

Mat, drikke og museumsbutikk: 
Etter ein dag fylt med opplevingar kan de besøke museumsbutikken og Kafé Heiberg, som tilbyr varme og kalde drikker, enkle lunsjrettar, og fersk heimelaga bakst. I butikken finn du m.a. gaveartiklar, tradsjonelle leiker, og handverksprodukt.

Sesong:
Museet er ope året rundt, med unntak av januar månad, jul, påske og nokre særskilte dagar. Besøk nettsida vår for informasjon om opningstider.


Tilrettelegging:
Inne i hovudbygningen finn du heis mellom dei tre etasjane. Informasjon på plakater og liknande er tilrettelagt for svaksynte. I friluftsmuseet er terrenget noko kupert, med varierande tilkomst. I dei fleste antikvariske bygga er det diverre ikkje tilrettelagt for rullestol og barnevogn.

Berre 5 minutt køyring frå De Heibergske Samlinger liggSogn Fjordmuseum – som gir eit levande bilete av fjordkulturen og båtbyggjartradisjonar. Eit besøk her er inkl. i inngangsbilletten på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Er du i Kaupanger anbefaler vi og ein tur innom Kaupanger stavkyrkje, som er den lengste stavkyrkja i Noreg.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Billetter:
NOK 80

Kontakt

Adresse:
  • Mannhellervegen 643
  • 6854 Kaupanger
Telefon:
(+47) 57 67 82 06
E-post:
dhs@misf.no
Nettside:
misf.no/de-heibergske-samlinger

Hvor er De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum