Hopp til hovedinnhold

Den norske bokbyen er Noregs vakraste bokhandel! 

Den norske bokbyen er eit titals bruktbokforretningar og antikvariat i Fjærland ved Sognefjorden. I småhus langs strandkanten i Mundal finst det 4000 hyllemeter med bøker. Husa har tidlegare vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.

Den norske bokbyen i Fjærland vart opna 23. juni 1996 av kulturminister Åse Kleveland. Det var den åttande bokbyen i Europa, den første i Norden. Initiativet kom frå bygdeutvalet i Fjærland, eit samfunn med 300 fastbuande. Drivkreftene var hotelleigar Marit Orheim Mauritzen, landhandlar Barbara Vangsnes og ekteparet Kari og Claus Kvamme. 

Den norske bokbyen sel bruktbøker heile året, på nettet og i fleire bokbutikkar i Mundal, Fjærland. Nokre av bokutsala er kombinerte med kafé, husflidsutsal, suvenirbutikk og kunstgalleri. Nettbutikken er open alle dagar medan bokutsala i Fjærland er opne kvar dag frå mai-sep. Både sesongopning- og avslutning vert markert.

Boknatt

Rundt jonsok kvart år arrangerer bokbyen ei «boknatt» med ymse arrangement og mange tilreisande, både bokkjøparar og bokseljarar. Ideen fekk bokbyen frå Nederland. Bokbyen har òg andre arrangement, foredrag og møte med forfattarar.

Om vinteren er me på kontoret kvardagar. Postordre og nettsal heile året.

Velkomne!

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Mundal
  • 6848 Fjærland
Telefon:
57 69 22 10
E-post:
post@bokbyen.no
Nettside:
www.bokbyen.no

Hvor er Den norske bokbyen, Fjærland?