Hopp til hovedinnhold
Bestill

Kom tett på Hardangerfjorden saman med dyktige Best Adventures. Denne guida havkajakk-turen er ei spektakulær oppleving du vil huska lenge. Her glir du nemleg stille på fjorden medan du nyt utsikta til stupbratte og snødekte fjell som reiser seg mot himmelen.

Turen som har avgang frå Eidfjord, går inn i Simadalsfjorden - den inste delen av Hardangerfjorden. Dette er ein veldig smal og avsidesliggande fjordarm - noko som er med på å gje deg ei fjordoppleving få andre kan skilta med. Er du ekstra heldig, kan du faktisk møta på dyr som små kvalar, selar og havørn!

Best Adventures sine erfarne guidar tilpassar turen til ulike ferdigheitsnivå. Dette er med andre ord ei oppleving som passar like godt for nybyrjarar som for erfarne.

Kontakt

Adresse:
  • Ostangvegen 11
  • 5783 Eidfjord
Telefon:
+47 47606847
E-post:
info@bestadventures.no
Nettside:
www.bestadventures.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår

Hvor er Early Spring Kayaking - Best Adventures