Det er kyrkjelydssal, peisestove, kontor og andre rom i kyrkja. Altertavla er laga av den lokale kunstnaren Dagfinn Instanes. Han har og laga teppet over døypefonten. På altertavla er det mange kristne symbol. I sentrum står krossen som symbol for Jesus død, og til høgre har vi oppstoda, til venstre Jesu dåp som innviing for hans frelsargjerning. Orgelet er bygd av den svenske orgelbyggjaren Nils Hammarberg og har 16 stemmer. Døypefonten er hoggen i ljos Eidfjord-granit av Reidar Molander. Brurestolar og fire andre gyldenlerstolar er også utført av lokal kunstnar, Gunvall Bu. Tårnet står ved sida av kyrkja og har to klokker med automatisk ringing. På ei av klokkene finn ein sitat frå Johannes 14,6: "Eg er vegen, sanninga og livet". Folk i Eidfjord har lagt vinn på å få den nye kyrkja fin både inne og ute. Den trauste steinmuren laga i gamal stil gjev ei verdig råme om heile verket.  

 

Kontakt

Adresse:
  • Lægreidsvegen 24
  • 5783 Eidfjord
Telefon:
53673400
E-post:
turistinfo@visiteidfjord.no
Nettside:
www.eidfjordkyrkje.no/

Hvor er Eidfjord Nye Kyrkje?