Næringa som har tradisjon for å pleie kulturlandskapet gjennom aktiv bruk av fjellområder i Verdsarvområdet. Visningssenter for Undredalsosten med presentasjon av tradisjonelt ystemiljø, som tidlegare var vanleg på stølar. Mogning av kvit geitost har brei plass i senteret. Program i ord og tonar om tradisjonane med stølsdrift og bruk av fjellområdet, ysting av geitost og mogning av kvit geitost, og ein tradisjon for å pleie kulturlandskapet gjennom aktiv bruk av fjellområdet midt i hjartet av Nærøyfjorden Verdsarvområde. Kapasitet program: 40 pers. Servering av ein enkel smaksmeny av kvit og brun geitost frå Undredal, spekepølse av geitekjøt, heimelaga flatbrød, rømme, moltesyltetøy og lokal fruktsaft. Tid: 30-45 min. gruppeservering på uteområdet: 80 pers. Kveldsarrangement med konsertar og bryggedans, kapaitet 300 pers. Lukka "kveldsete" med servering/grilling, program og dansemusikk etter avtale.
Opningstid er kl 11:00 – 21:00 kvar dag, med utvida opning etter avtale og arrangement.
Kunst og museum
Eldhuset Undredal
På Eldhuset får du ein presentasjon i ord og tonar om tradisjonar kring stølsdrift, ysting av geitost og mogning av kvit geitost.
Kontakt
- Adresse:
- Undredalsvegen 127
- 5746 Undredal
- Telefon:
- 57633100
- E-post:
- info@visitundredal.no
- Nettside:
- www.visitundredal.no/