Oppdag øya Vågsøy på to hjul!
Utforsk det vakre og varierte landskapet på Vågsøy med våre høykvalitets elsyklar. Enten du cruiser langs kystvegar eller tar fatt på bratte bakkar, lar elsykkelen deg komme tett på naturen – i ditt eige tempo. Bli med ut i det ville og vakre landskapet rundt Måløy – perfekt for deg som søker både eventyr og storslåtte utsikter.
Når du bestiller elsykkel på nett, får du med ein gratis nedlastbar sykkelguide. Denne inneheld fire naturskjønne ruter, med ei god blanding av rolege turar og meir krevjande etappar – slik at du får mest mogleg ut av opplevinga.
Alle leigar inkluderer hjelm og lås, slik at du kan sykle trygt og sikkert. Ikkje gå glipp av denne unike måten å oppleve Vågsøy på – bestill elsykkel i dag og start ditt eige eventyr!
Dette er inkludert:
- Fullada elsykkel
- Hjelm
- Sykkellås
Merk:
- Helse og fysisk form:
Ikkje anbefalt for personar med ryggproblem, hjarteproblem eller andre alvorlege medisinske tilstandar.
Ikkje anbefalt for dei som ikkje er komfortable med å sykle i kupert terreng. - Alders- og høgdegrenser:
Born må vere i følge med ein vaksen.
Minimumshøgde for å sykle elsykkel er 140 cm. - Barnesete og barnehjelmar:
Vi har eit begrensa antal barnesete og hjelmar tilgjengeleg mot eit tillegg.
Anbefalt alder for barnesete er 9 månader til 6 år, med maksvekt på 22 kg og maks høgde på 110 cm. - Elsykkelmodellar og rekkevidde:
Grå elsykkel: Allsidig modell med rekkevidde opptil 185 km (kan variere ut frå last, vind, terreng osv.).
Svart elsykkel: Rekkevidde frå ca. 65 km i vanskelege forhold til opptil 180 km i optimale forhold. - Vektgrense:
Maksimalt brukarvekt: 120 kg