Hopp til hovedinnhold
Bestill

På denne turen sitt du i front på ein tandem «whitewater» kajakk, medan ein erfaren instruktør sitt bak deg og har kontroll. Saman vil de følge elva nedover vakre juv og unike stryk, som vanlegvis kun er tilgjengeleg for dei mest erfarne padlarane.

Du vil får ei innføring i padle teknikk og andre tips slik at de enkelt kan padle saman. Instruktøren vil og forklare korleis de på best mulig vis kan bruke straumane og flyten i elva for å padle lettare og meir effektivt. Du vil også bli vist nokre råd rundt sikkerheit og kva de gjer om kajakken veltar. Du vil og læra kva du skal gjere om intruktøren må snu kajakken med deg i den og kva du eventuelt skal gjere om du må symje litt i elva.

Turen startar med litt øving av teknikk og sikkerheit, slik at alle er trygg i kajakken, før de padlar nedover elva. Då startar moroa og det vert både elvestryk og små «drops». Det er ekstra kjekt når ein treff fleire bølger etter kvarandre - gle deg!

Vanskelighetsgrad: enkel til moderat
Aldersgrense: 14+
Erfaring: Ingen erfaring nødvendig
Krav: Alle deltakarar må vera gode til å svømme. Maks vekt 90kg
Tid: 3-4 timar

Inkludert: Instruktør, utstyr og transport (om nødvendig)
Ta med: lett ull til å gå med under våtdrakt/tørrdrakt
Ikkje ta med deg: Verdisaker (t.d. lommebok, kamera, mobil, briller eller solbriller.

Oppmøte: Voss Fallskjermklubb, Flyplassvegen 135
Tilgjengelighet: Booking på forespørsel
Pris: 2400 NOK, per person

Me vil prøve å få tatt bileter til deltakarane på turen!

Om du har spørsmål eller treng informasjon er det berre å ta kontakt med Kayak Voss
Epost: kayakvoss@gmail.com
Tlf: +47 46 29 79 37

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • 5700
Telefon:
+47 46297937
E-post:
kayakvoss@gmail.com
Nettside:
www.kayakvoss.net/

Hvor er Elvepadling i tandem kajakk, med Kayak Voss